Røde Kors i Sogn og Fjordane har i all hast organisert ein innsamlingsaksjon. Startskotet går i dag, og det er planar om å sende bøssebærarar ut.
100.000 frå sparebanken...
Mange har allereie bidrege, til dømes har Sparebanken Sogn og Fjordane gjeve 100.000 kroner.
...og frå Sparebanken Vest
Sparebanken Vest gav onsdag 100.000 kroner, i tillegg til at banken har oppmoda alle sine 800 tilsette om å gi 200 kroner kvar.
Engasjerte studentar
Også studentane i Sogndal engasjerer seg. I morgon har dei veldedighetskonsert til inntekt for flaumofra, fem band skal spele på utestaden Meieriet i morgon kveld.
Oppmodar kjøpesenter
Senterleiar på Handelshuset i Førde, Mariann Njøsen Hilding, seier at kjøpesenteret gjev 10 000 til Røde Kors, og oppfordrar andre senter om å gjere det same.
Tamilar samlar inn
Tamilane i Florø og på Nordfjordeid har også engasjert seg. I ettermiddagstimane i Florø fekk dei inn 29 000 kroner, og på Nordfjordeid vil dei gå frå dør til dør.
Bøn frå Høyanger
Dessutan har Johnny Litzheim på Kyrkjebø ei bøn til alle frå Høyanger.
- Eg oppmodar alle i Høyanger til å setje inn pengar på konto 3705.08.34736 for å hjelpe alle som har det vondt, seier Litzheim.