Oppe i korridorane på det store studenthuset Meieriet i Sogndal finn ein bandrommet. Her var fødestaden for bandet med Robert Mowatt i spissen.
Dei siste åra har dei hausta gode kritikkar, flytta til Bergen og har gjeve ut debutplata. Torsdag spelte dei for fullt hus på Laben-scena på Meieriet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Skal lage ny plate
– Generelt så er det ei bra tid for Tom Stockman. Vi øvar godt og vi har hatt fleire spelejobbar som til dømes på Apollon og litt rundt omkring. Vi prøver å bli kjende med musikarverda i Bergen, fortel Mowatt rett før han og resten av gjengen entrar scena.
Bassist og bandet sin administrator, Audun Stegali Borge, meiner at utan «oppveksten» på Meieriet så hadde dei aldri kome seg så langt som dei har gjort.
– No jobbar vi med å skaffe oss spelejobbar og vi har planar om album nummer to. Målet er å gå i studio til hausten att, seier Borge.
- LES OGSÅ:
Litterær inspirasjon
Den nye plata vil som den første bære preg av Robert Mowatt sine litterære inspirasjonskjelder. Tidlegare har bandet hatt sterk inspirasjon frå Henrik Ibsen sine figurar.
– Tematikken er jo framleis litteratur, og no er eg inspirert av mellom anna Ingvar Ambjørnsens «Hvite niggere» og Jethro Tull sin fantastiske låt Aqualung, seier Mowatt.
– Veldig stolt
Veka-sjef Marte Bjørnstad Andresen tykkjer det er veldig stas at Tom Stockman sa ja til å vere første band ut under årets utgåve av Studentveka.
– Eg er veldig stolt av å kunne presentere så variert utval av artistar. For oss betyr det mykje at vi og kan vise fram band som er dyrka fram i studentmiljøet. Programmet vårt viser at det urørte og det velkjende kan fungere saman, meiner ho.