Hopp til innhold

Endeleg er han klar for svenskane

Etter ni månader med eit skadd kne er fotballspelaren Mats Solheim endeleg friskmeld. Søndag spelte klubben hans Kalmar sin siste kamp for sesongen, og no gler Solheim seg til ferie og ikkje minst jul heime i Loen.

Mats Solheim
Foto: Rune Fossum / NRK

Mats Solheim fekk ein verst tenkjeleg overgong frå Sogndal til Allsvenskan då han skada kneet stygt i ein treningskamp for Sogndal i februar i fjor. Sidan den gong har det ikkje blitt mykje spel for nyeklubben Kalmar.

– Det har vore ein lang sesong der eg ikkje har fått gjort så mykje anna enn å "sose rundt" og trene meg opp att. Eg vart operert i mars, men no fungerer heldigvis kneet som det skal, fortel Solheim.

Søndag var loaren klar til kamp igjen, men sat på benken då Kamar tapte 3–0 mot Syrinska FC. Laget hamna dermed midt på treet i Allavenskan.

No skal Solheim trene i Kalmar, der han og har kjøpt seg hus, ut november og så er det ferie. Det ser han verkeleg fram til.

– Eg skal feriere litt her og der og besøkje venner. Dessutan skal bror min og eg ein tur til England for å sjå på favorittlaget Manchester United. Høgdepunktet blir likevel juleferie med familie og vener heime i Loen.

Tredje januar startar oppkøyringa til ein ny sesong i Allsvenskan, og då har Solheim planen klar, han vil spele frå første avspark.

Solheim har 2,5 år igjen av kontrakten med Kalmar. 24-åringen frå Loen kom frå Stryn til Sogndal i 2006. Totalt spelte han 164 kampar for sogningane, før han vart klar for proffeventyr i Kalmar.