NRK Meny
Normal

EM-bronse til Johannes

Johannes Thingnes Bø frå Stryn tok søndag bronse på jaktstarten i EM i skiskyting for junior.

Johannes Thingnes Bø

BRONSE: Johannes Thingnes Bø gjekk ein sterk jaktstart.

Foto: Vik IL

Han var 23,7 sekund bak vinnaren, Alexandr Loginov frå Russland. Johannes starta som nummer åtte, over eitt minutt bak landsmannen Vetle Sjåstad Christiansen, som vann sprinten.

LES OGSÅ: Thingnes Bø med 8. plass i Jr-EM

Gjekk styggfort

I mål var stryningen 0,2 sekund bak Sjåstad Christiansen, som sikra seg sølv. Begge hadde to strafferundar, så Johannes Thingnes Bø gjekk vel 40 sekund fortare i løypa enn sølvvinnaren.