Ho arbeidde for tida for nyheitsredaksjonen til NRK på Marienlyst i Oslo, men starta si karriere i NRK Sogn og Fjordane hausten 2007. Før den tid jobba ho i avis frå 2003.
I NRK Sogn og Fjordane starta ho som reporter på nett, radio og TV, før ho frå våren 2010 også vart å høyre som programleiar i radiosendingane.
– Eli var ein omtykt og respektert medarbeidar og kollega som vil verte djupt sakna. Som journalist hadde ho eit sterkt engasjement for dei svake i samfunnet og deira vilkår. Overfor kollegaene hadde ho og eit stort hjarte og synte stor omsorg for alle som anten trengde støtte, ei hjelpande hand eller eit godord på vegen. Ho såg alle og var oppriktig opptatt av at alle hadde det godt, seier konstituert distriktsredaktør Roy Raasholm Fauske.
– Ho vil og verte sakna for sitt store engasjement for både journalistikken og kollegaene. Med sitt positive og vinnande vesen bidrog ho sterkt til eit godt arbeidsmiljø i redaksjonen, seier Raasholm Fauske.