NRK Meny
Normal

El-racerbil: 0–100 km/t på 2,8 sek!

Stryningen Kurt Erik Nesje er teknisk leiar, og har prøvd fjorårets modell. – Eg måtte ha fem, seks forsøk før eg torde å gje bånn gass, er dommen frå Nesje. Årets er raskare.

Vilje

VILJE: Bilen «Vilje» er den fjerde i rekka frå NTNU, og Norges andre El-racerbil.

Foto: Revolve NTNU

– Det er ein elektrisk racerbil som 50 studentar frå 13 ulike studieretningar på NTNU har utvikla. Dei har brukt åtte månadar på å designe, utvikle og byggje denne racerbilen, fortel Nesje.

– 0–100 på 2,8 sekund!?

– Det er ganske potent, ja.

– Norges andre El-racerbil

Bilen har fått namnet «Vilje», og er den fjerde bilen i rekkja frå studentorganisasjonen Revolve NTNU, som kvar år utviklar ein ny racerbil for å delta på Formula Student, den største ingeniørkonkurransen for studentar i verda.

– Halve konkurransen er på bane, og andre halvdel er presentasjon av bilen med tanke på designløysingar, kostnadar og sal. Vi skal prøve å selje bilen inn til investorar i konkurransen. Teknologien er overførbar til mykje av dagens industri, seier Nesje.

«Vilje» veg 175 kilo, 10 kilo mindre enn fjorårets «KOG Arctos R». Toppfarten er også redusert, frå 2,9 sekund på 0–100 km/t, til 2,8 sekund.

– Elektrisk racerbil- er det vanleg?

– Nei, dette er Norges andre elektriske racerbil. Vi laga den første i fjor. I år har vi utvikla meir av bilen sjølve med tanke på kraftelektronikk og overvakingssystem for batteriet.

Sjå «KOG Arctos R» i aksjon

2,9 SEKUND: Sjå fjorårets «KOG Arctos R» i konkurranse. Den klarte 0-100 på 2,9 sekund. Foto: Revolve NTNU.

– Eit veldig adrenalinkick

Nesten alle delane på bilen er designa for å spare vekt og utvekslinga i girkassen er optimalisert for større akselerasjon. Det går ut over toppfarten.

– Toppfarten er ca. 120 kilometer i timen, optimalisert for banane vi køyrer på med veldig mykje svingar. Det er akselerasjonen som er viktig.

– Og den er voldsom?

– Eg køyrde fjorårsbilen ein runde på banen, og det er nesten skummelt når det går så fort. Eit veldig adrenalinkick. Eg måtte ha fem, seks forsøk før eg torde å gje bånn gass, seier Nesje.

Høyrt om Formula E?

Den tekniske sjefen tvilar på om vi nokon gong får sjå folk flest i slike bilar.

Han har ikkje allverdas rekkevidd og er laga for ein halv times racing. Ideelt skal han vere tom for straum når han rullar over målstreken, for elles har ein for mykje vekt i batteripakken.

– Så det er ein bil for framtidig konkurranse?

– Ja, Formula E har jo starta no. I staden for Formel 1. Det er det nye store. Spennande.

Vegopning på Bergum i Førde kommune