Ekstraordinært fylkesting om E39

Debatten om E39 startar på nytt etter at Vegvesenet tilrådde eit anna traséval enn det fylkespolitikarane såg føre seg.

Åshild Kjelsnes kallar inn til ekstraordinært fylkesting om E39

NY DEBATT: Fylkespolitikarane kallar inn til ekstraordinært fylkestingsmøte om traséen til E39.

Foto: Knut Falck/Vegvesenet/fotomontasje / NRK

Fylkestinget må tenkje i nye baner når dei skal diskutere linjevalet for E39 gjennom Nordfjord.

Dei arrangerer eit ekstraordinært fylkestingsmøte for å diskutere Vegvesenet si avgjerd som var i strid med politikarane sine tidlegare uttaler.

Ueinige med Vegvesenet

Fylkespolitikarane har tidlegare uttalt at dei føretrekkjer dagens trasé over Anda-Lote, men Vegvesenet tilrådde at E39 i staden bør gå gjennom Stryn.

Video Utspørjing Åshild Kjelsnes

MÅ TENKE NYTT: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes må starte debatten på nytt når fylkestinget skal vurdere Vegvesenet si tilråding.

Foto: Nyhetsspiller

– For oss har Anda-Lote heile tida vore eit klart linjeval, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes.


Statens vegvesen har konkludert med at tunnel under Utvikfjellet og fjordkryssing ved Svarstad i Stryn er å føretrekkje framfor dagens trasé over Anda-Lote.

No må fylkespolitikarane vurdere Vegvesenet si tilråding.

– Alle må få høve til å legge fram sine synspunkt, og vi må vurdere dei faglege argumenta i det ekstraordinære fylkestingsmøtet, seier Kjelsnes

Kartet er henta frå Vegvesenet sin rapport

Skei - Volda, vegvesenet sitt forslag til E39

STRYN ELLER LOTE/ANDA: Kartet viser Vegvesenet si tilråding der E39 går frå Byrkjelo til Volda via Stryn.

Foto: Statens vegvesen

Usikre på utfallet

Ifølgje Åshild Kjelsnes er det svært usikkert kva Vegvesenet si tilråding vil ha å seie for fylkespolitikarane si innstilling.

Debatten om nye E39 er ei kontroversiell sak for fylket, og det vert ikkje mindre vanskeleg av at Vegvesenet konkluderte annleis enn fylkespolitikarane har gitt uttrykk for.

– Saka blir diskutert heftig i partipolitiske grupper, og vi har mange møter i forkant av fylkestinget no, seier Kjelsnes.

Vegvesenet kan få medhald

Moe Gustavsen og Meltveit Kleppa med forslaget til Vegvesenet

TILRÅDDE STRYN: Moe Gustavsen i Vegvesenet presenterer tilrådinga av nye E39 i Ørsta saman med Magnhild Meltveit Kleppa.

Foto: Statens vegvesen / Asgeir Reksnes/NRK / fotomontasje

Vegvesenet si tilråding er ikkje eit vedtak. Linjevalet er no i ei omfattande høringsrunde for politikarane i fylket, og saka vil til slutt bli avgjort av Stortinget.

Då Vegvesenet presenterte si tilråding i Ørsta 22. november, uttalte samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa at Vegvesenet si tilråding er viktig for avgjerda.

–Samferdselsdepartementet vil legge mykje vekt på Vegvesenet sin konklusjon, i tillegg er det viktig å lytte til dei som lever og bur i områda som blir påverka, seier Kleppa.