Hopp til innhold

Eksplosjon i Ewos-bygget i Florø

Klokka 19.58 fekk naudetatane melding om at ein automatisk brannvarslar hadde slått ut ved Ewos-bygget i Florø. Alle naudetatar rykte ut til staden.

"Støv-eksplosjon" ved Ewos-bygget i Florø

MYKJE STØV: Røykdykkarar som har vore inne i lokala der det eksploderte melder om mykje støv og knuste vindauge. No vert heile etasjen lufta ut. Foto: Eivind Nordvik Hauge

Politiet sa tidlegare i kveld til NRK at det var snakk om ein "støveksplosjon" som hadde slått ut mange vindauge i bygget.

Det er ikkje meldt om personar på staden. Politiet jobbar no med å lufte ut støv og gjere greie for kva som kan ha skjedd.

Brannvesenet har kontroll

Like etter klokka 21.30 melder politiet om at brannvesenet har kontroll på staden.

Mange på staden

Litt før klokka ni i kveld var det mange frå ulike naudetatar på staden.

– I tillegg til dei andre naudetatane er alle i Florø brannvesen, cirka 20 brannmenn, på staden no, sa 110-operatør Frode Eide til NRK cirka klokka kvart på ni i kveld.

Ewos-bygget i Florø

Automatisk alarm: Eksplosjonen som slo ut brannalarmen skjedde i 7. etasje.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Ingen flammar

– Korleis veit de at det har vore ein støveksplosjon?

– Røykdykkarar er inne i lokala som ligg i 7. etasje. Dei seier det er mykje røyk, men ingen flammar eller varme der, seier Eide.

Han fortel at det no vert lufta i lokala for å få ut støvet.

Eksplosjon ved Ewos-bygget i Florø