Hopp til innhold

Ekspert spår Domstein-konkurs

Ein av landets fremste analytikarar på fiskeaksjar, Klaus Hatlebrekke i DNB Nor Markets, meiner det er grunn til å frykte konkurs i Domstein innan to år.

Domstein
Foto: NRK

Han viser til at hjørnesteinsverksemda i Vågsøy har svak drift og høvesvis mykje gjeld. Difor meiner Hatlebrekke at Domstein må vurdere ytterlegare oppseiingar.

- Domstein er ei verksemd som har slite med inntening i mange, mange år. Med mykje gjeld og framleis driftsunderskot, så går ikkje reknestykket saman.

- Ingen kommentar

Rolf Domstein
Foto: NRK

I Norge og Sverige har Domstein 350 tilsette, men har etter ein del tunge år måtte nedbemanne i Måløy. Og Hatlebrekke ser ikkje vekk frå at ei må kvitte seg med folk særleg innan sild og makrell. Verksemda er eit av tre som Hatlebrekke rår folk til å selje seg ut av. Grieg Seafood er eit anna. Hatlebrekke legg til at selskapet framleis har sjansen til å snu trenden, men at dei må vise betring innan få månadar.

Konsernsjef i Domstein, Rolf Domstein vil ikkje kommentere analysen frå Hatlebrekke. Om under to veker legg konsernet fram førebels årsresultat for 2007.