Hopp til innhold

Inviterte til eksotisk innsamling

I samband med TV-aksjonen 2014 inviterte Årdal Mottakssenter til internasjonal kafe. Bebuarane syns det er flott at Norge vil bidra med å skaffe reint vatn og ville sjølv bidra på sin måte.

Eksotisk innsamling til TV-aksjonen i Årdal

EKSOTISK: Både maten og underhaldninga var av den eksotiske sorten då Årdal mottakssenter inviterte årdølane til internasjonal kafé.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

Tesfaldet Tesfamichael (til venstre) og Mulugeta Beyene

FLOTT TILTAK: Tesfaldet Tesfamichael (til venstre) og Mulugeta Beyene syns TV-aksjonen er eit flott tiltak.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

På kafeen fekk dei besøkande mogelegheit til å smaka på mellom anna eritreiske pannekaker med kjøttsaus, Sambisa frå Somalia og bolayni frå Afghanistan.

Inntektene går direkte til innsamlingsaksjonen, og mange av bebuarane kjenner til temaet for TV-aksjonen for i år; mangelen på reint vatn.

– Vi set stor pris på formålet med TV-aksjonen, fortel Tesfaldet Tesfamichael og Mulugeta Beyene frå Eritrea.

Flott at Norge stiller opp

Internasjonal kafe

UTFORDRAR SMAKSLAUKANE: Mange møtte opp for å teste dei ulike rettane som vart servert.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

Deira erfaring med å vera i ein flyktningleir speglar det TV-aksjonen ynskjer å setje søkjelyset på; det er ikkje reint vatn å oppdrive i flyktningleirar.

– Vatnet vert henta frå elva der både søppel, urin og avføring er blanda saman, fortel Tesfamichael. Han seier vidare at det er lett å pådra seg diaré og andre sjukdomar ved å drikke vatnet. Dette kan føre til meir alvorlege sjukdomar då mange har eit dårleg immunforsvar.

Begge tykkjer det er veldig flott av Noreg å stille opp for andre på denne måten.

– Vi fekk forklart av mottaksleiaren kva denne TV-aksjonen går ut på, og vi syns det er eit flott tiltak, seier dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Internasjonal Kafe

MATEN: Både kjent og ukjent mat var til sals då mottakssenteret ville bidra til årets TV-aksjon.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

Eit godt formål

– Vi har bestemt oss for at dette skal vere ein årleg tradisjon i samband med TV-aksjonen, fortel Gunn Lerøy, mottaksleiar på Årdal Mottakssenter.

Mange personar har vore i sving både før og under arrangementet.

– Både bebuarar på mottaket og flyktningar busett i kommunen har bidrege med matlaging og anna arbeid i samband med arrangementet.

Mulugeta Beyene frå Etiopia spelar musikk

MUSIKK: Mulugeta Beyene frå Eritrea spelar musikk på eit tradisjonelt strengeinstrument

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

Den internasjonale kafeen byr på matrettar frå mange afrikanske land, og Gunn Lerøy ser at ein av dei store forskjellane frå norsk kultur er at dei brukar mykje meir tid på matlaging.

– Dei legg verkeleg flid i det dei lagar.

Norsktalande

Mulugeta Beyene har ikkje vore lenge her i Noreg, men introduserte seg sjølv på norsk då han skulle syne fram Eritrea sin musikalske kultur. Musikken bar preg av fengande rytmar og publikum vart reven med av dei afrikanske tonane.

Medan musikken spreier seg i rommet, prøver årdølane seg på eksotiske rettar.

– Det er ein spesiell smak. Det er ikkje vondt, men det er veldig uvandt, smiler Anne Lise Heggestad.

Anne Lise Heggestad

UVAND: Anne Lise Heggestad og mannen tok turen innom for å utfordra smaksløkane.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

Samhald ved å bidra

– Bebuarane på mottaket set stor pris på å få bidra i lokalsamfunnet, seier Anne Margrete Hatlelid, sosialkonsulent og nestleiar i Årdal Mottakssenter.

Ho er klar på kor mykje dette betyr for asylsøkjarane, og seier at det å bli sett på som ein ressurs er stort for dei.

– Det gjev bebuarane ein meir givande kvardag.

Synet på viktigskapen av samhald mellom bebuarane på mottaket og innbyggjarane i Årdal deler og Marie-Helene Hollevik Brandsdal, varaordførar og leiar av TV-komiteen i Årdal.

Frå venstre: Anne Margrete Hatlelid, Gunn Lerøy og Egil Svinø

GIVANDE: Frå venstre: Anne Margrete Hatlelid, Gunn Lerøy og Egil Svinø.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

– Eg har både sett og høyrt at årdølane set pris på slike arrangement som dette. Det å verte kjend med kvarandre på tvers av kulturar, samt å knytte nettverk, betyr mykje for alle partar, seier Hollevik Brandsdal.

Brubygging

Det var Hollevik Brandsdal som trilla i gong ballen ved å invitere bebuarane på mottaket til å bidra.

– Dei har hatt liknande arrangement tidlegare med stor suksess, og eg tenkte at dette var eit fint alternativ til det å gå som bøsseberarar.

Årdal Mottakssenter fokuserer mykje på å knyte band mellom lokalbefolkninga og asylmottaket.

– Eg vil rosa mottaket for den brubygginga dei jobbar med, avsluttar ho.

Varaordførar i Årdal, Marie-Helene Hollevik Brandsdal

KNYTER BAND: Varaordførar og leiar for TV-komiteen i Årdal, Marie-Helene Hollevik Brandsdal saman med nokre av bebuarane på Årdal Mottakssenter.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK