Hopp til innhold

Eitt steg nærare fylkesdomstol

To tingrettar i fylket kan i løpet av året ha blitt til ein felles fylkesdomstol. I dag velsigna fylkespolitikarane eit slikt forslag.

Sogn tingrett og Fjordane tingrett kan bli slått saman.

FELLES: Dersom dei to tingrettane kan slå seg fullt og heilt saman til ein, så blir den nye domstolen stor nok til å få ta del i eit digitaliseringsprogram. – Det vil vere positivt, meiner sorenskrivar Terje Mowatt.

Foto: NRK

– Det er først og fremst faglege argument for større einingar. Med tanke på fagmiljø, kompetanse og sårbarheit er det mange forhold som gjer det fornuftig, seier sorenskrivar Terje Mowatt.

Sorenskrivar Terje Mowatt

SAMAN: Alle partane ser positivt på ei samanslåing av dei to tingrettane i fylket, seier sorenskrivar Terje Mowatt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Frå i fjor haust tok han over som leiar for dei to tingrettane. No går han, dei tilsette ved Sogn og Fjordane tingrett og fleire andre inn for å slå dei to tingrettane saman heilt og fullt. For berre nokre månadar sidan varsla Søre Sunnmøre tingrett i Volda at dei ville legge Hornindal, Stryn, Eid, Vågsøy og Selje under seg.

Kan vere ein realitet i 2017

Domstolsadministrasjonen la i fjor fram eit forslag om slik samanslåing, ikkje berre i Sogn og Fjordane, men i heile landet. Dette vart stogga av Justiskomiteen. Då vart det likevel understreka at samanslåingar kunne la seg gjere ved lokal semje og gode prosessar. Det meiner Mowatt ein no har her.

– Vi har oppslutnad for prosjektet blant brukarar, advokatar, påtalemakta, tilsette og det politiske miljøet, seier Mowatt.

Og det siste vart understreka under fylkesutvalsmøtet til politikarane. Etter ei framlegging av situasjonen frå Mowatt og førstelagmann i Gulating lagmannsrett, Magni Elsheim, gjekk utvalet inn for å danne ein fylkesdomstol.

– Dette er med på å styrke domstolen totalt i heile fylket, og den digitale samhandlinga mellom områda. Så tenestene til folk som skal bruke rettsstellet blir større, seier fylkesordførar Jenny Følling om fråsegna som eit samrøystes fylkesutval stiller seg bak.

Jenny Følling fylkesutvalet 7. desember 2015

SAMRØYSTES: Eit samla fylkesutval, leia av fylkesordførar Jenny Følling, sa onsdag ja til å støtte tingrettane sitt forslag om å slå seg saman til ein fylkesdomstol.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Saka må no opp til vidare behandling sentralt. Mowatt veit ikkje om saka må til Stortinget for godkjenning eller om Justisdepartementet berre kan gjennomføre ei forskriftsendring.

– Kanskje vi har ein ny domstol frå årsskifte av, seier Mowatt.

Lokale arbeidsplassar ein klar føresetnad

Men politikarane er klare på at ei samanslåing må skje på klare premissar.

«Det er ein føresetnad for fylkesutvalet aktiviteten på Nordfjordeid vert oppretthalde og at Sogndal vert oppretthalden som rettsstad og med bemanna kontor, slik at det rettssøkjande publikum også framover får tilgang til dei tenestene og det tilbodet som eksisterer ved Sogn tingrett i dag.», står det i fråsegna.

Det er også Mowatt samd i.

– Vi vil vidareutvikle distriktsmodellen. Det vil framleis vere tilsette i Eid, Førde og Sogndal. Og blir vi del av digitaliseringprogrammet, så kan vi også få fleire saker digitalt, noko som gjer at dommarane kan sitte fleire stader i fylket og arbeide med sakene.