Hopp til innhold

Eitt minutt med Aase-magi sende Florø til topps

Florø Fotball låg under 0–1 i ein halvtime. Så varta Stefan Aase opp med eitt minutts magi og sikra sigeren.

Stefan Aase (t.v.) på Florø

MAGI: Stefan Aase sytte for straffe og målgjevande pasning då Florø snudde oppgjeret mot Stabæk 2 på eitt minutt. Biletet er frå ein tidlegare kamp.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Det var tydeleg trøytte Florø-spelarar som i sin tredje kamp på fem dagar møtte eliteserielaget Stabæk sine nest beste i Bærum.

På eitt minutt snudde scoringane til Kristoffer Valsvik og Oddne Årdal kampen til 2-1-siger.

– Det var ein dårleg kamp frå vår side. Vi hadde nokre spelarar ute og måtte gjere endringar, men mest av alt har vi hatt eit kolossalt kampprogram, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Aase-magi

Det var ikkje noko sterkt heimelag Stabæk stilte med, men Florø, som no er tilbake på tabelltopp, måtte slite for å ta alle poenga.

Utlikninga kom ved Valsvik frå straffemerket, før Årdal stanga inn sigersmålet med pannebrasken. Det var jølstringen sitt første i Florø-trøya.

– Dette er eitt lag vi skal slå, og det gjorde vi. Men programmet har vore så pass tøft at du såg på spelarane at dei var tunge i beina. Då blir det eit løft når ein klarer å snu kampen på eitt minutt, seier Rognsø sender ein stor del av æra til tidlegare Sogndal-spelar, Stefan Aase.

– Vi gir oss ikkje

– Vi gjorde grep heile tida, men Stefan hadde eitt minutt med magi der han dribla det som var og vart felt så vi fekk straffe. Minuttet etter la han inn til Oddne som sikra sigeren, seier Rognsø.

– Men det viser karakter å snu kampen og vinne på ein dårleg dag?

– Ja, det viser at det er vilje på ein dag der lite fungerer. Vi gir oss ikkje. Kanskje har vi hatt marginane litt i mot oss i det siste, men i dag har vi dei med oss.

Gir spelarane fri

Florø toppar no serien med 20 poeng på ti kampar. Med ein kamp og tre poeng meir enn Fyllingsdalen, Åsane og Vidar på dei neste plassane.

Stabæk ligg på si side heilt sist med seks poeng på ti kampar.

– No skal spelarane få fri til måndag. Dei fleste har spelt sju cupkampar for junior og senior, samt dei ti seriekampane. Det er ikkje vanskeleg å sjå at dei merkar. Ein pause gjer godt no, seier Rognsø.