Tilsynsføraren skal gjennom fire årlege besøk avdekke om det er problem i den nye fosterfamilien, og om bornet får god behandling. Men mangel på tilsynsførar og sommel i kommunane gjer at tilsyn blir utsett.
- Uhaldbart
Dette gjeld 680 born som hadde vore i fosterheim i meir enn eitt år, viser tal frå Barne- og likestillingsdepartementet. Åtte av borna bur i Sogn og Fjordane. Uhaldbart, seier KrF-politikar Øyvind Håbrekke i Familie- og kulturkomiteen.
- Når styresmaktene går inn og gjer eit så alvorleg inngrep som å ta born ut av familien sin og å gje dei ny familie gjennom ein fosterheim, så må ein sikre at dei får god nok omsorg, seier han.
- Mykje som gjer vondt
I førre veke fortalde ein 18-åring frå Sogn at det er snart eitt år sidan veslesystera hennar (14) fekk besøk av tilsynsførar. No mistrivast jenta slik i bygda .
- Ho seier at ho vil ta livet sitt, at det er ingen som bryr seg om kva ho seier. Det er mykje som gjer vondt, fortel 18-åring.
Full dekning i 2017
På spørsmål om kva regjeringa gjer med problemet, svarar statssekretær Henriette Westhrin i Barne - og likestillingsdepartementet i ein epost at departementet tidlegare har teke opp situasjonen med fylkesmennene. Det er ikkje godt nok, seier Håbrekke. KrF krev full barnevernsdekning innan 2017.
- Vi må gje dei fosterheimane og tilsynsførarane vilkår som gjer at folk er motiverte for å stille opp, seier han.