Hopp til innhold

Brukar hundretusenar på å nå OL

Geir Eithun og makker Iver Horrem satsar på fullt for å nå OL. Og slikt kostar. Minst eit par hundre tusen.

Geir Eithun

PÅ RETT VEG: Geir Eithun er spent framfor kvalifiseringa onsdag, men føler han og Iver Horrem er i godt slag.

Foto: Privat

Han har ikkje tort å rekne nøye på kor mykje satsinga kostar, men at det ryk nokre hundre tusen, er han klar på.

– Eg torer ikkje rekne på kor mykje det kostar, for då ville eg fått dårleg samvit. Men det kostar nokre hundre tusen i året å drive oss som lag, seier Eithun.

I tillegg til at det å stadig vere på reise er dyrt, kostar også sjølve oppkøyringa.

– Vi har sponsorar og forbundet med. Men det er ikkje noko lukrativt. Det går med både oppsparte middel og lånte middel. Det er draumen om OL som er drivkrafta her, seier Geir Eithun.

Føler dei er i rute

Tysdag kom han og Horrem til Polen. Førre veke var dei i Brasil der dei spelte si første turnering.

Han og makker Iver Horrem vann den første, men tapte den andre kampen i verdsserien i sandvolleyball i Brasil førre fredag. Dermed enda dei på 13. plass.

– Forma er god. Vi er i rute og klare for kvalifiseringsrunden onsdag, seier Geir Eithun.

Han er klar på at dei gjerne vil gjere det endå betre enn 13. plass denne veka.

– Vi går alltid på bana for å vinne, men vi veit at i kvar kamp i morgon og framover må vi halde eit gitt nivå. Vi var gode på det i Brasilia, så klarar vi å halde same trykket, så går vi inn her også. Men det er alltid spennande. Vi veit ikkje endå kven vi skal møte, seier Eithun.

Liten sjanse til OL 2012

– Hovudmålet vårt er OL i Rio i 2016, men vi har ein liten sjanse til OL i London til sommaren. Men i og med at vi spelte vår første turnering i Brasil, så er sjansane redusert sidan kvalifiseringa har gått i løpet av eit heilt år, seier Eithun.

Han og Horrem må vinne to turneringar i mai og juni for å sikre seg OL-billett til London.

– Vi må kvalifisere oss gjennom det som heiter Continental Cup, og der må vi vinne begge dei to turneringane. Så det er heilt spesifikt, seier Eithun.

Er viktigast å etablere seg som lag

Han legg ikkje skjul på at det er to spennande månader han og makker Horrem går i møte.

– Oppi alt dette har vi fire World Tour som er viktig for oss, samt EM-finalen i Nederland om tre veker. Vi har mål om OL, men det viktigaste er å etablere oss som lag i hovudrunden. Klarar vi å prestere slik framover, har vi god tru på dei komande åra, seier Eithun.

Han fortel at laget planlegg å toppe forma i forhold til Continental Cup, men at dei som eit heilt nytt lag er nøydde til å prioritere å få sett spelet som lag.

– Dei fleste vi spelar mot har spelt saman i fleire år. Vi er nøydde til å spele så mykje som mogleg på så høgt nivå som mogleg. Opplegget hadde nok vorte ganske likt uansett korleis ein hadde tenkt på det, seier Eithun.

Er mykje på farten

Etter turneringa i Polen går turen rett til Kina for neste runde i World Tour, og Eithun legg ikkje skjul på at det er mykje reising.

– Vi prøver å lage oss rutinar på ting, og at vi også får oss eit pusterom med ein dag eller to heime innimellom. Det er viktig både for restitusjon og for hovudet sin del. Men det går frå veke til veke og land til land, så det er litt hektisk, ja, seier Eithun.

Han presiserer at dei er godt nøgde med 13.-plassen førre veke.

– Det er spennande framover når vi fekk ein så god start. Vi er audmjuke og nøkterne, vi skal tole å ikkje gjere det så bra kvar gong, men vi gler oss til kvar turnering, for vi går godt saman, seier Eithun.

Har tru på framtida

Resultata seier sitt om at dei to spelarane har funne tonen på bana.

– Det er ikkje mange lag som får ei 13. plass i si første turnering saman. Det er ingen av oss som med tidlegare makkerar, med eitt unnatak, som har høgare plasseringar i World Tour dei siste tre åra. Så vi har treft med noko iallfall, seier Eithun.