NRK Meny
Normal

Søkjer etter fleire besøksvenner

Mange menn i fylket blir gamle og einsame. Difor vil Røde kors ha fleire frivillige som kan gjere livet litt lysare for dei som ikkje har så mange rundt seg.

Sykehjem

ALEINE: Mange eldre som bur for seg sjølv eller i omsorgsbustader ofte einsame.

Foto: Dan Henrik Klaussen / NRK

Røde Kors si besøksteneste treng fleire frivillige i nesten kvar einaste kommune i heile fylket. Det er ekstra stort behov for frivillige menn.

Sogn og Fjordane har den høgaste forventa levealderen for menn i Noreg.

Ifølge Statistisk sentralbyrå er folk mest einsame i aldersgruppene 70 – 79 år og blant dei over 80 år. I begge desse gruppene seier rundt ein tredel at dei er einsame minst «av og til».

Stort behov for besøksvenar

Bente Nilsen

ENGASJERT: Bente Nilsen jobbar som tilretteleggar for omsorgstenesta i Røde Kors i Sogn og Fjordane.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Bente Nilsen er tilretteleggar for omsorgsavdelinga til Røde Kors i Sogn og Fjordane. Ho fortel at det er mange einsame eldre i fylket. Det trengst nye frivillige til besøkstenesta i nesten alle kommunar i Sogn og Fjordane.

– Vi har spesielt stort behov for fleire menn. Det er mange menn som treng ein besøksven, og som gjerne vil ha andre menn å snakke med – som kanskje har litt felles interesser, seier Nilsen.

– Kven som helst kan bli besøksven. Ein må vere over 18 år, skrive under ei teieplikterklæring og bli med på Røde Kors si opplæring for nye besøksvenar. Det er for at ein skal føle seg trygg som frivillig, seier ho.

Mange eldre menn i fylket

Forventa levealder

STORE FORSKJELLAR: Menn i Sogn og Fjordane har høgast forventa levealder.

Foto: SSB

Sogn og Fjordane er det fylket i landet med høgast forventa levealder for menn. Her kan ein vente å runde 80 år. Nesten fire år meir enn dei som er født i Finnmark, som ligg i botnen av Statistisk sentralbyrå si liste.

Undersøkingar viser at menn har færre nære venar enn kvinner. Ofte har menn ektefellen som sin einaste og næraste fortrulege.

– Når ein blir så gamal er ein ofte litt dårleg eller sjuk, og ein sitt gjerne aleine i omsorgsbustad eller heime hos seg sjølv. Nokre har ikkje familiane sine busett i same kommune, medan andre kanskje har mista ektefellen. Då kan ein fort bli einsam, fortel Nilsen.

– Dette er eit lågterskeltilbod. Dersom ein er einsam kan ein ta kontakt med kommunen, som igjen tar kontakt med Røde Kors sitt lokallag.

Vegopning på Bergum i Førde kommune