Hopp til innhold

Ein tyggis, to tyggisar, tre...

Trudde du at vareteljing vart gjort av datamaskiner og strekkodar? Ikkje heilt. Bli med å telje 6500 varer!

Det må mange hender til for å telje 6500 varetypar ein søndag. Men det må gjerast!

Foto/Redigering: Alf Vidar Snæland

Krydderposar, tacopulver, knekkebrød og pølser – alt må teljast på denne eine dagen i året med vareteljing. Butikksjef for daglegvarer ved Coop Extra, Ørjan Alme, skal telje seg gjennom eit vareutval på 6500 typar. Alt må teljast. Elles blir ikkje revisoren fornøgd.

Stolne varer

– Vi må gjere det for å kartlegge svinn, det vil seie stolne varer. Men heldigvis er det ikkje mykje av det, seier Alme.

For dei som trudde at strekkodar og datamaskiner gjer jobben, så gjer dei berre delvis det. Enno.

– Dette er noko vi er pålagde å ha kontroll på av styresmaktene. Dessutan kjem varer av og til seint inn i datasystemet, og då har vi ikkje heilt kontroll på alt. Så difor må vi telje, til datasystemet blir meir påliteleg.

Søndag var dagen Alme kanskje ikkje heilt hadde sett fram til, men i det minste planlagt godt.

Trivst i tørrvarene

– Då hadde vi hjelp av 46 personar til å telje. Vi starta klokka 10 og var ferdige rundt klokka 18.

– Kva slags varetypar likar du å telje?

– Haha ... Eg likar meg best i tørrvarene. Store pakkar og få ting. hehe. Nokon måtte heldigvis ta seg av logistikken og ha oversikt når så mange jobbar så den jobben tok eg, ler Alme.

Etter vareteljingar var revisor også godt fornøgd med innsatsen og resultatet var vareteljinga. Så då er det eit år til neste gong.