NRK Meny
Normal

Ein til sjukehus etter motorsykkelkrasj

Føraren av ein motorsykkel er send til sjukehus på Voss etter ein kollisjon mellom tre køyretøy på riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes i ettermiddag.

Ulukke Vik Vangsnes

KOM RASKT TIL: Ambulanse og lege kom raskt til ulukka som skjedde mellom Vik og Vangsnes.

Foto: Jostein Dale / NRK

– Føraren av motorsykkelen er skadd og blir send til sjukehus med ambulanse, opplyser politiet til NRK.

Om lag klokka 14.30 i ettermiddag fekk AMK melding om ulukka, der i alt ein motorsykkel og to bilar var involvert.

– Ein motorsykkel og ein personbil køyrde i retning frå Vangsnes mot Vik, og bubilen kom i motsett retning. Køyretøya kolliderte med kvarandre då personbilen bremsa, og motorsykkelen køyrde inn i personbilen og bubilen, fortel politiet.

Ambulanse og lege frå Vik kom raskt fram til staden. Ein politipatrulje rykte også ut til ulukka.

Ulukke Vik Vangsnes

LANG KØ: Brannvesenet hadde fekk vanskar med å ta seg fram til ulukkesstaden på den smale riksvegen.

Foto: Jostein Dale / NRK
Laster kart, vennligst vent...


Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå