NRK Meny
Normal

Ein skadd etter trafikkulukke

Ein person er lettare skadd etter ei møteulukke ved Sundafjellstunnelen på riksveg 5 mellom Florø og Eikefjord.

Laster kart, vennligst vent...

SUNDAFJELLSTUNNELEN: Etter ei møteulukke ved tunnelen er ein person lettare skadd. Det melder politiet.

NRK oppdaterer saka.

Vegen var stengd, men no open att.

To bilar og tre personar var involvert i ei møteulukke ved Sundafjellstunnelen. Politiet melder om at ein person er lettare skadd etter ulukka.

– Ein person blør litt, men er elles bevisst, seier Espen Gulliksen, som er operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Alle tre personane er sendt med ambulanse til sjukehuset i Førde.

– Personanr er sendt med ambulanse for sjekk hos lege, seier vaktleiar ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Kolbjørn Øvrebotten.

Både politi, ambulanse og brann rykka ut etter melding om ulukka. Eine personen måtte bli klipt ut av bilen.

– Brannmannskap måtte bistå for å få ein person ut av bilen, seier Øvrebotten.

Laster Twitter-innhold
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.