Hopp til innhold

Ein person skadd i eksplosjon i Sløvåg

Ein mann i midten av 30-åra er sendt til Haukeland sjukehus etter ein eksplosjon ved Yeoman Halsvik i Sløvåg i Gulen.

Sløvåg

Det vart slått trippelvarsling og alle naudetatane rykte ut då ulukka vart meldt klokka 1811.

– Mannen sveisa ut ein bolt frå ei skrogside, og truleg eksploderte ei luftboble i bolten då den kom i kontakt med flammen, opplyser operasjonsleiar Morten Kronen til NRK.no klokka 20.

Ingen vitne

Mannen var vaken og oppegåande etter eksplosjonen. Det var ingen vitne til sjølve ulukka då kollegaene hans hadde teke matpause

Mannen vart treft av fragment frå bolten, samt fekk brannskadar og slag i hovudet.

– Heldigvis hadde han verneutstyr på seg, elles kunne dette gått langt verre, seier Kronen og legg til at saka blir følgd opp av det lokale lensmannskontoret på onsdag. Då vil også Arbeidstilsynet bli varsla om hendinga.

Melde om gassflaske

Den første meldinga gjekk ut på at ei gassflaske hadde eksplodert og at ein person var skadd. Dette viste seg altså ikkje å stemme.

Sjølv om mannen fekk hard medfart i eksplosjonen, kunne det gått langt verre.

– Vi skal prise oss lukkelege for at det ikkje var flaska som gjekk av. Med det trykket som kan vere då, så får det følgjer både for vedkommande og andre som er rundt i ein viss omkrins, seier han.

Laster Twitter-innhold