Hopp til innhold

Utforkøyring på Eid - ein person skadd

Like etter klokka 10 torsdag føremiddag fekk politiet melding om ein personbil som hadde køyrt utfor vegen på Eid.

Hjellekrysset

Politi og ambulanse rykte ut etter at ein trafikant melde frå om bilen som stod i grøfta.

– Det var ein person i bilen, får NRK bekrefta frå politiet sin operasjonssentral.

Ulukka skjedde på Riksveg 15 ved Hjellekrysset på Eid. Den mannlege føraren var åleine i bilen, og ingen andre bilar var involverte. Mannen var utanfor bilen då politiet kom til staden.

– Personen er lettare skadd, seier politiet til NRK.

Like etter klokka 11 skriv politiet på loggen at mannen vart køyrt til legevakt for kontroll.