Hopp til innhold

Ein person død etter båtulykke i Gulen

Ein 67 år gammal mann omkom og to kvinner i 30-åra er alvorleg skadd etter ulykka som skjedde i samband med Utkantfestivalen i Gulen i natt.

Ulykkesbåt Utkanfestivalen Gulen

ULYKKESSTADEN: Båten som vart nytta ligg ankra ved holmen i området der ulykka skjedde.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Fritidsbåten skal ha gått på eit skjær i Kiparsundet på veg frå Skjerjehamn til Eivindvik i Gulen. I alt var fem personar om bord i båten, og ein 67 år gamal mann omkom.

Ei kvinne på 33 år er alvorleg skadd og ligg på Førde sentralsjukehus, medan ei kvinne på 34 ligg alvorleg skadd på Haukeland universitetssjukehus. Dei to siste som var om bord er også sende til sjukehus.

På veg frå Utkantfestivalen til Eivindvik

– Ein båt har kollidert med ein holme i Gulen. Det var ein båt på veg frå Utkantfestivalen i Skjerjehamn til Eivindvik. Det var fem personar om bord, og det var ein kraftig samanstøyt, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Lars Geitle.

Ein person er død etter båtulykke i Gulen. Og to kvinner i 30-åra er alvorleg skadd etter ulykka som skjedde i samband med Utkantfestivalen i Gulen i natt.

Ein person omkom i båtulykka i Gulen. Foto: Aleksander Åsnes, NRK

To av dei skadde, ei kvinne på 33 år og ei kvinne på 59 år, vart frakta til Førde sentralsjukehus. Kvinna på 33 er alvorleg skadd, men tilstanden skal vere stabil. Kvinna på 59 er lettare skadd.

Ei kvinne på 34 er sendt til Haukeland universitetssjukehus. Tilstanden er alvorleg, skriv Haukeland universitetssjukehus.

Den siste om bord i båten, ein mann i 40-åra, vart etter kvart også sendt til sjukehuset. Mannen var føraren av båten, ifølge Bergens Tidende.

Båt på grunn i Gulen

TRAFF HOLMEN: Fritidsbåten har gått på eit skjær i Kiparsundet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ifølge TV2 skal det vere ein familierelasjon mellom fleire av personane om bord i båten. Den omkomne skal var busett i Gulen, fortel operasjonsleiar Geitle.

– Vi veit ikkje noko anna enn at båten har treft ein holme. Årsaka til at det har skjedd kan eg ikkje seie noko om.

Kom raskt til staden

– Det vart rykka ut med både ambulansebåt og luftambulanse. Båtar tilknytt Utkantfestivalen bidrog til å frakte politiet ut. Dermed var vi raskt på staden, fortel Geitle.

Han legg til at dei fekk melding om hendinga like før klokka eitt i natt.

– Den uskadde mannen om bord i båten ringde inn til medisinsk naudtelefon. Den omkomne vart erklært død på staden.

Politiet vil i løpet av morgonen gjennomføre avhøyr for å avklare kva som har skjedd. Kriminalteknikarar vil undersøke ulykkesstaden.

Båt på grunn i Gulen
Foto: Aleksander Åsnes / NRK
Båtulykke Gulen