Hopp til innhold

Ein handelsmann som bryr seg

LUSTER (NRK): Sjå tv-dokumentaren om Arne Lerum – kjøpmannen i Luster som kvar fredag køyrer ut mat til folk som ikkje sjølv kjem seg på butikken.

Arne og Guri Lerum

SOM EIT GLIDELÅS: Guri Sissel Lerum har drive krambua saman med mannen Arne sidan 1984: – Eg kunne ikkje greidd dette åleine. Me blir fletta saman, seier Arne.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Om ein kan kjenna at ein hjelper folk litt òg; nokre er einslege og må gå på andre for å få varene sine.

Arne Lerum kjem ut frå lageret med ein banankasse i nevane. Det er fredag føremiddag og tid for å pakka varer i den vesle landhandelen i Luster. Det har kjøpmannen gjort saman med kona Guri si kvar fredag sidan 1984.

Hans Lerum Eftf

TOK OVER ETTER ONKELEN: Hans Lerum Eftf – elles Lerisbui, på folkemunne – er landhandel av den gamle sorten og er ein utdøyande rase i norsk daglegvarehandel. Arne vil driva butikken slik så lenge han maktar.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Før tente han på dei mange tingingane. No handlar det om meir enn pengar.

– Dette gir meg mykje. Ein skal ikkje måla alt i kroner og øre heller.

Steller godt med kundane

Arne går langs hyllene og plukkar med seg kaffi, fyrstikker, vaniljesaus og potetgull. Ved pappøskja står Guri og kryssar av på dei handskrivne bestillingslistene etter kvart som varene blir stabla i kassen.

Arne Lerum

ARNE BRYR SEG: 'Me forstår godt at varekøyringa rett og slett ikkje kan lønna seg. Men dette tek Arne på alvor, det er oppgåva hans' seier kundane om kjøpmannen i Luster.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Denne fredagen skal ti pappøskjer køyrast ut. I starten var det både tre og fire gonger så mange. Om kundane til Arne blir færre og færre, tek han til gjengjeld betre vare på dei som ringjer inn, enn dei fleste andre handelsmenn.

– Det var ei eldre dame – ho er vekke no – som eg alltid bar varene inn til. Ein dag eg kom der, sa ho: «Ja, i dag har eg hatt besøk av to Arnar.» Han som køyrer posten der, heiter òg Arne. Og det var alt ho hadde sett av folk den dagen. Det gjorde slikt inntrykk på meg.

Det er også ein annan grunn til at Arne tek køyreturen kvar fredag. Då får han nemleg prata med bror sin, Trygve.

– Eg er forbi med varene til han, før eg køyrer til Ornes. På heimveg stoppar eg hjå han att, drikk kaffi, et rundstykke og pratar om laust og fast. Det er noko av ritualet og er både triveleg og kjekt.

Arne Lerum og Anne Lise Haukadal

EI LIVSOPPGÅVE: – Om det er sommar eller vinter og glatt og fælt – kjem gjer Arne uansett, seier Anne Lise Haukadal.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

«Godt me har han Arne»

1500 fredagskveldar i varebilen gjennom tre tiår er det blitt. Utkøyringa frå butikken i Luster via slektsgarden på Sørheim til endestoppen på Ornes og tilbake kan ta mange timar.

Denne kvelden har Arne vore innom fleire av dei faste, før han svingar seg oppover ein bratt grusveg til garden Haukadal, som ligg luftig over Lustrafjorden. Der står Anne Lise Haukadal klar til å ta imot matøskja til gardsfolket og mjølsekken til hønene:

– Det er god me har han. Eigentleg er det heilt utruleg, for me blir færre og færre her på sørsida, men enno tek han turen.

– Om eg legg ned ruta, kjem eg vel fredagen likevel, humrar Arne.

Trygve og Arne Lerum

EIN SNILL KJØPMANN: – Det er vel så mykje av idealisme som av økonomiske grunnar Arne gjer dette no, seier bror Trygve Lerum, som er fast siste stopp på fredagsruta.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK
Arne Lerum er ein handelsmann som bryr seg. Kvar fredag køyrer 64-åringen ut matvarer til folk langs den vidstrekte Lustrafjorden i Sogn. I starten var det pengar i dette, men no køyrer han like mykje av gamal vane og for å hjelpa eldre billause kundar. Og så får han prata med bror sin.

Sjå TV-dokumentaren «Ein hjartevarm handelsmann» på NRK1 klokka 20.45 i dag