Oddbjørn Schei avviser anbod.
Solberg refsar i dag kommunane for å sutre over dårleg økonomi når dei kan spare store summar på å kjøpe tenester av eksterne aktørar. Schei er ueinig med kommunalministeren i at det løner seg å konkurranseutsette, det vil sei sette ut på anbod, alle kommunale tenester i små kommunar.
– Solberg tek ikkje nok omsyn til busetnaden i distrikta, seier Schei.
Høgreordførar stør kritikken
Kristen Hundeide er òg skeptisk.
Førderådmannen får støtte frå Solbergs partifelle, Kristen Hundeide, som er ordførar i Eid. Han peiker òg på at føresetnaden for konkurranse er at kommunane er store nok.
I dag samarbeider mange kommunar om innkjøp, forsikringar og pensjonar. Hundeide utelukkar ikkje kommunar kan sette fleire tenester ut på anbod viss dei samarbeider meir.
Knut Aarethun
Skeptisk KS-leiar
Men Knut O. Aarethun, som er leiar i Kommunenes sentralforbund i Sogn og Fjordane, meiner kommunane allereie samarbeider om det som er mogeleg.
– Også kommunalministeren må ta omsyn til at landet vårt er ulikt skapt, seier Aarethun.