Hopp til innhold

Eid snudde kampen

Eid vart det fjerde laget denne runda som snudde nederlag til siger.

Selje leia 3-2 til pause, men to straffer i andre omgang avgjorde kampen til heimelaget sin fordel.

Eid - Selje 4-3 (2-3)

Eid stadion

Kampen er i gang

0-1 Jon Åge Riksfjord, 10 min. Ekspederer eit innlegg med pannebrasken frå femmeteren.

1-1 Tomas Starheim, 13 min. Eit frispark frå kanten vert heada i mål av midtstopparen.

2-1 Stian Sandal, 25 min. Innlegg frå høgre mot bakerste stolpe der Sandal ventar. Han dunker ballen i nettmaskene før den treff bakken.

2-2 Endre Kupen, 27 min. Eid-forsvaret fekk ikkje avklare og Kupen set inn si tredje scoring for sesongen.

2-3 Runar Nøstdal, 29 min. Headar eit innlegg i mål.

Det er pause på Eid stadion. Selje ser ut til å overraske nok ein gang.

Kampen er i gang att.

3-3 Stian Sandal, 63 min. Sandal set ei straffe sikkert i mål.

64 min. RAUDT KORT: Tomas Starheim (Eid) utvist etter to gule kort.

4-3 Kristoffer Aarskog, 66 min. Nok ei straffe går i mål.

Slutt