Hopp til innhold

Eid knuste Kaupanger

Etter ein nokså jamnspelt første omgang, vart Kaupanger overkøyrd.

Ved pause var stillinga 1-2 og i andre omgang strøymde det på med mål for Eid.

- Det starta med ein straffe rett etter pausen, noko som var uheldig for vår del, seier lagleiar Terje Hauståker som er lagleiar for Kaupanger.

Han seier at Eid var farlegast på bana og at dei var best på det meste. Kampen enda til slutt 1-6.

Kampfakta:

Kaupanger - Eid 1-6 (1-2)

  • 13. minutt: 0-1 ved Christoffer Hafsås
  • 15. minutt: 1-1 ved Øystein Wilkinson
  • 25. minutt: 1-2 ved Ove Balsnes
  • 47. minutt: 1-3 ved Anders Midthjell - straffe
  • 72. minutt: 1-4 ved Anders Midthjell
  • 88. minutt: 1-5 ved Christoffer Hafsås
  • 90. minutt: 1-6 ved Christoffer Hafsås

Les også: Mange mål i 4. runde