Tilrådinga lønsam over 25 år - men minst samfunnsnyttig på lang sikt

Dersom ein hadde brukt ein anna reknemetode, hadde E39 via Lote og Anda kome betre ut enn Vegvesenet si tilråding gjennom Stryn.

Mats Andersson i Nordfjordkryssing

TENK LENGRE: Mats Andersson i Nordfjordkryssing meiner E39-forslaget til Vegvesenet er altfor kortsiktig.

Foto: Statens Vegvesen/skjermdump / NRK

E39 via Lote og Anda kan ha størst nytte for trafikantane på lang sikt, men i si tilråding vil Vegvesenet likevel flytte E39 til Stryn.

I det samfunnsøkonomiske reknestykket er Vegvesenet forplikta til å tenke levetid på berre 25 år for vegane, men ser ein lengre framover i tid, er det Lote-Anda som kan kome best ut. Årsaka er at den auka trafikantnytten år for år betalar ned den ekstra kostnaden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skei - Volda, vegvesenet sitt forslag til E39

TILRÅDINGA: Vegvesenet si tilråding av nye E39 kan vere minst samfunnsnyttig over tid.

Foto: Statens vegvesen

Meiner rapporten er mangelfull

Forkjemparane for bru i midtre Nordfjord meiner det ikkje er nok å tenkje 25 år fram i tid.

– Eg ser på det som mangelfullt, for dersom ein ser 60 år fram i tid er traseen gjennom midtre Nordfjord meir lønnsamt enn indre, seier dagleg leiar Mats Andersson i selskapet Nordfjordkryssing.

Han meiner dette burde ha kome fram betre i Vegvesenet si tilråding.

Omdiskutert reknemåte

Vegvesenet vedgår at analysane deira er basert på føresetnader som kan diskuterast.

Prosjektleiar for konseptvalutgreiinga, Kjell Kvåle, seier det kan tenkast at det er det midtre alternativet som er mest lønnsamt dersom ein ser lengre fram i tid, og brukar andre reknemodellar enn i dag.

– Det midtre alternativet kunne kome best ut dersom vi la andre reknemodellar til grunn enn den vi brukar i dag, men tilrådinga om å legge E39 om Stryn kjem best ut etter dagens målemetode, seier Kvaale.

Han understrekar at Vegvesenet ikkje har gjort slike alternative utrekningar, og at det er Finansdepartementet som avgjer korleis ein skal måle samfunnsnytta i vegbygging.

Kvåle seier også at reknemodellane er omdiskuterte.

- Dette veit vi jo, at vegane varer lenger enn 25 år. Men vi forheld oss til dei reknemodellane som vi er pålagt å nytte.

Midtre med størst trafikantnytte

Statens vegvesen har gått inn for å flytte E39 til Stryn fordi det er tre minutt raskare og 2 milliardar kroner billegare.

Men sjølv om alternativet i Stryn kostar minst, er det ei bru mellom Lote og Anda og vidare gjennom Stigedalen som ifølgje Vegvesenet kan gi størst nytte for trafikantane samla sett, såkalla trafikantnytte.

Kan finansierast med bompengar

Mats Andersson og bruselskapet Nordfjordkryssing meiner den langsiktige samfunnsnytta er eit viktig argument for å bygge bru i midtre.

At alternativet mellom Lote og Anda også har størst trafikantnytte gjer at det i tillegg vil vere enklare å krevje inn bompengar.

Sven Flo

IKKJE VITS Å SPEKULERE: Ordførar i Stryn, Sven Flo, stolar på Vegvesenet si tilråding.

Foto: Privat

Dermed tener det midtre alternativet år for år inn den ekstra kostnaden på 2 milliardar kroner samanlikna med bru og tunnel i indre Nordfjord.

- Over Lote-Anda er det eit bompengegrunnlag på ca 1,5 mrd. kroner, tar ein med Stigedalen i alternativet kan bompengegrunnlaget nærme seg 3 mrd. kroner. Ei løysing i Stryn har ca 800 millionar kroner i bompengegrunnlag. Dette tek att investeringskilnaden.

Stolar på Vegvesenet

Ordføraren i Stryn vil ikkje ta omsyn til dei nye opplysningane.

Han meiner ein skal halde seg til det Vegvesenet tilrår.

– Spekulasjonar og teoretiske vurderingar for framtida kjem ikkje fram i rapporten, og då kan ikkje eg halde meg til det, seier Flo.