Tre personar vart pågripne og to av dei sit no i politiet si varetekt. Den tredje vart frakta til sjukehus. Olaug Holme, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, seier at ikkje minst beslaget av dynamitten er noko dei ser alvorleg på. Dynamitten låg i ein pose saman med fenghetter og lunter.
Politiet fann og ein heil del ulike narkotiske tablettar, hasj og GHB.