Idrettslag og bedrifter i Masfjorden og Gulen vil jobbe dugnad for å få symjebasseng i Sløvåg.
Tidlegare i veka hadde dei møte der dei la planar for eit symjebasseng basert på tilgang til oppvarma vatn frå brenneriet i Sløvågen.
Sentral bak initiativet er Johny Birkeland Transport og Wergeland Holding som har stilt 25 000 kroner til disposisjon for å få laga ei grovskisse med kalkylar.