Hopp til innhold

Du må vente på den norske frukta

Den kalde våren gjer at du må vente unormalt lenge før du får kjøpe norske morellar i i butikkane.

Moreller

Norske morellar vil kome seinare enn normalt i butikkane.

Foto: Kristian Ervik / NRK

Kulda har ført til sein fruktblomstring, og det kan gå utover avlingane. Frå tidlegare vert siste halvdel av juli og august rekna som hovudsesong for morellar.

- Kulden vi har hatt no i april, forseinkar våren ein del. Siste 15 åra har vi vore vande med tilnærma sommar i april, men i år er det litt uvant med meir snø og kulde, fortel fruktbonden Steinar Myrold på Stårheim i Eid.

Sein blomstring

Både Myrold og andre frukt- og bærdyrkarar har opplevd kvitlagde gardar den siste tida. Fruktbonden fryktar han kan sjå langt etter den vanlege blomstringa rundt nasjonaldagen. For varmen har for første gang på mange år uteblitt i april.

- Bjørka ser ein nesten ikkje grønt på. Eg trur ikkje det blir blomstring før 25. mai, seier han.

Betydeleg seinare

Olav Sørum i Norsk Landbruksrådgjeving i Leikanger, seier at kulden pregar fruktgardane over heile landet.

- Det er stor sjanse for at den norske frukta kjem litt seinare på marknaden enn vi har vore vande med dei siste åra. Plommer og morellar blomar relativt tidleg og dei sortane vil ein merke er betydeleg seinare enn normalt, seier han og legg til at situasjonen likevel er noko betre på Aust- og Sørlandet.

Kan hente inn att

For norske epler og pærer er det derimot håp i hengande snøre om at dei kan kome rimeleg i tide. Vanlegvis plar ein kunne kjøpe desse frå dei siste par vekene i august.

- Eple og pære blomstrar seinare, og det er mykje ein kan hente inn med to-tre veker med fint varmt ver. Men også der ser det ut til at det blir seinare enn normalt, seier han.