Du kan bli kåra til årets gründer

Er du i startfasen på noko som kan bli ein ny bedriftssuksess i Sogn og Fjordane? Då kan du bli årets gründer – og stikke av med 100.000 kroner!

Årets kulturidé 2012

SAMARBEIDER IGJEN: Pål Fidjestøl (t.v.) i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen lanserte tidlegare i år prisen for årets kulturidé. No er stiftinga og NRK Sogn og Fjordane på jakt etter årets gründer i fylket.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Saman med Sparebankstiftinga og Sparebanken Sogn og Fjordane skal NRK Sogn og Fjordane dele ut «Årets gründerpris 2012» under Temposeminaret i Florø.

– Vi vil setje bedriftsskaping i fokus, og heve fram dei som lagar arbeidsplassar, nye idear og produkt i fylket vårt, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Fem-seks kandidatar skal til finale

No er kultursjefen på jakt etter gode kandidatar til prisen. Ein vinnar vil få 100.000 kroner som startkapital til nyskapinga si.

– Vi ser etter ein gründeridé, ei gründerbedrift eller ein gründertype. Bankane er jo flinke til å mase på at det må meir næringsskaping til i regionen, men vår påstand er at det faktisk skjer mykje positivt, seier han.

– Prosjektet treng ikkje vere teknologisk banebrytande – vi er ikkje ute etter rakettforskarane. Men det er fint om det allereie har kome inn noko pengar. Det er bedriftsbygginga som står i fokus, seier Fidjestøl.

Ein jury beståande av Innovasjon Norge-sjef Halvor Flatland, Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke og adm. dir. Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane skal plukke ut fem-seks kandidatar til ein finale. Desse vil bli presenterte på NRK.no og i radiosendingane til NRK Sogn og Fjordane.

Her er kriterium for juryvurderingane

Vinnaren blir kåra ved hjelp av publikum sine røyster i ei avstemming på NRK.no og ei fagleg vurdering frå juryen.

Kriterium for å delta i konkurransen:

  • Prosjektet skal vere utvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller heile eller delvis i fylket.
  • Prosjektet skal ta utgangspunkt i ein konkret teneste- eller produktidé som er komme så langt i si utvikling at kommersialisering er komme i gang.
  • Prosjektet må vere berekraftig utan negative følgjer for miljøet.
  • Prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar må ha potensial til å slå positivt ut.

Er du i gang med eit gründerprosjekt, sender du ein e-post til sf@nrk.no. Skriv nokre linjer der du skisserer ideen og prosjektet, og du blir med i kampen om ein finaleplass og moglegheita til å vinne 100.000 kroner.

Fristen for å sende inn forslag til kandidatar er sett til 25. september. Årets gründerpris 2012 blir delt ut 1. november under Temposeminaret i Florø.