Hopp til innhold

Drosjesjåfør til sjukehus - ein person pågripen

Ein person er sett i arresten etter at han tok tak i rattet på drosja han var passasjer i.

Taxi
Foto: Kim Jansson / NRK

Ulukka skjedde i Florø ved Botnaholten like før klokka 04 natt til søndag. Den arresterte mannen var kunde i drosja. Drosjesjåføren vart send til Førde med ambulanse.

– Vi skal avhøyre den mistenkte i løpet av dagen, men han har førebels ikkje sagt noko til politiet om kva som skjedd, fortel operasjonsleiar i politiet, Per Rimmen.

Den mistenkte er ein mann i 30-åra. I følgje NTB skal sjåføren vere ein mann i 30-åra. Han skal ha fått skader i arm og skulder.