NRK Meny

Droppar innspeling i Stryn

Det blir ikkje noko av filminnspelinga av Hollywoodfilmen "Downsizing" i Stryn, skriv Fjordingen.no. Matt Damon spelar hovudrolla, men innspelinga kjem til å gå føre seg i Trollfjorden i Lofoten. Årsaka til vrakinga av Stryn skal vere at bileta frå Flofjellet ikkje let seg kombinere med bilete frå Lofoten og Canada.

Matt Damon og Kristen Wiig
Foto: JXA / wenn.com