NRK Meny
Normal

Droppa å kutte løyving til vektløftar-EM - Grimseth pustar letta ut

Finansutvalet vedtok i dag samrøystes å ikkje kutte dei 1,1 millionane som var løyvt til EM i vektløfting i Førde 2016. Leiar i hovudkomiteen for arrangementet, Stian Grimseth, jublar.

Stian Grimseth 2

KAN SMILE: Stian Grimseth i arrangørkomiteen er glad for at finansutvalet gjekk inn for å ikkje kutte løyvinga til EM i vektløfting i Førde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg er veldig, veldig glad for det. Det hadde sett oss og arrangementet i ein frykteleg situasjon dersom ein hadde følgt den tilrådinga, seier Grimseth.

Fylkesrådmannen rådde til at politikarane kutta stønaden til EM-arrangementet, då fylkeskommunen må spare inn 224 millionar kroner dei neste fem åra, på grunn av sviktande inntekter dersom det nye inntektssystemet for fylkeskommunane vert vedteke. Då må alle steinar snuast.

Men finansutvalet vedtok i dag at dei ikkje ønskjer å kutte løyvinga til EM 2016, då dette vil føre til store ulemper for arrangøren.

Godt å få det stadfesta

Grimseth er takksam for at arrangementet, der dei sterkaste i Europa skal måle krefter i Sunnfjord, vert spart.

– Eg har full respekt og forståing for dei store utfordringane som fylkespolitikarane står framfor, og difor er det utruleg godt å få denne stadfestinga, slik at vi kan halde fram det positive og inspirerande arbeidet med å få til ein fantastisk europameisterskap i Sogn og Fjordane, seier Grimseth.

Norge har arrangert EM i vektløfting ein gong tidlegare, i Stavanger i 1996.
Det er berre knapt eitt år sidan Tambarskjelvar idrettslag avslørte at dei hadde store ambisjonar.

Etter at dei arrangerte NM i vektløfting i 2012 hadde dei fått meirsmak, og ønskte eit langt større arrangement til regionen.

Sidan har det vorte jobba på spreng for å få på plass eit EM i Sunnfjord, med løftarar frå over tretti land og fleire hundre deltakarar. Sjølve arrangementet skal vere i Førdehuset i Førde, medan all trening skal gå føre seg i Naustdal.

Trengde løyvinga til TV-produksjonen

Allereie i november i fjor fekk Norge og Tambarskjelvar tildelt EM i vektløfting, men ein føresetnad var at arrangøren fekk på plass ein TV-avtale og finansiering av denne.

I byrjinga av april løyvde fylkesutvalet i Sogn og Fjordane 1,1 millionar kroner, noko som førte til at kabalen med TV-produksjon gjekk i boks.

Grimseth var difor uroa då han for eit par dagar fekk beskjed om at pengane kunne forsvinne i det blå.

Finansutvalet

SAMLA: Finansutvalet var i dag samla for å ta stilling til kuttlista som kom frå fylkesrådmannen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesutvalet løyvde pengar 2. april. 3. april signerte Grimseth avtale med både det europeiske vektløftarforbundet og TV2 og produksjonsselskapet. Sistnemnde var ein avtale til 2,2 millionar kroner.

– Dei forpliktingane har vi teke på oss, og viss vi måtte ha sagt frå oss meisterskapen, så er det uvisst kor mykje vi måtte ha dekt. Men det er gjeldande kontraktar, og at det ville hatt økonomiske konsekvensar, det er heilt sikkert, seier Grimseth.

Han er glad for at det no ser ut til at arrangøren slepp å hamne i ein slik situasjon.

– Eg trur at i den situasjonen fylket er hamna i, så er det viktig at vi kan få til noko i denne storleiken her, der vi viser at vi vil og vi kan. Eg håpar dette skal bli ein positiv meisterskap, også på den måten, seier Grimseth.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.