Nærøyfjorden kom med på verdsarvlista til UNESCO i fjor sommar, og laurdag vart det feira at fjorden har fått verdsarvstatus.
Til vanleg er det ni innbyggarar som bur på Bakka, men laurdag var det omlag 2000 personar der for å feire verdsarvstatusen og sjå dronninga. Pressefolk får heile verda var også til stades.
Kosa seg i sola
Dronninga kom til Bakka med Kongeskipet ”Norge” klokka 12. Ho gjekk i land på kyrkjekaia, og der vart ho teken i mot av mellom anna ordførar i Aurland, Olav Ellingsen, fylkesmann Oddvar Flæte og biskop Ole D. Hagesæther.
Malene Sjøholm (5) og Marianne Stalheim (11) fekk den store æra av å gje blomar til dronninga.
På programmet for folkefesten var det både kulturinnslag og talar, og folk storkosa seg i sola. Mellom dei som underheldt var spelemannsprisvinnarane Håkon Høgemo, Sigrid Moldestad og Einar Mjølsnes.
Skrytte av naturen
Det var ei rørt dronning Sonja som i talen sin trekte fram det vakre landskapet kring Nærøyfjorden og dei mange og vakre fjellturane ho har hatt i området.
- Grand Canyon, Mount Everest, Pyramidene og Den Kinesiske mur har fått selskap av dei vestnorske fjordane. Det har vi all grunn til å vere stolte av!
- Knapt nokon stad er naturen meir mangfoldig enn her, skrytte dronninga under festen.
- Noko av det som har gjort størst inntrykk på meg er nok turen ned den gamle kløvveien fra Breidalen, forbi Skardsvatnet og vidare ned til Tufto og Bakka, her vi står no.
- Eit godt minne har eg også frå den andre sida av fjorden. Venninna mi og eg fekk slikka leggene reine for salt av salthungrige geiter som hadde gått seg ville, fortalde ho.
Dronning Sonja avduka også ei minneplate for verdsarvområdet.
Pengegåve til Aurland
Miljøvernminister Helen Bjørnøy og ein representant frå UNESCO, Ina Marciulionyté, heldt også tale. Marciulionyté sa mellom anna i talen sin at ho var trygg på at folk i området kring Nærøyfjorden ville ta godt vare på verdsarven. Bjørnøy overleverte også 75.000 kr til Aurland kommune. Midlane skal brukast i samband med verdsarvstatusen.
Laurdag kveld heldt miljøvernminister Helen Bjørnøy middag for inviterte gjester.