Slåtten vart funnen drepen i Førde 7. juni i fjor. I tiltalen skriv statsadvokaten at drapet skal ha skjedd medan 42-åringen forsøkte å valdta sjukepleiestudenten.
Ifølgje tiltalen har mannen drege Anne Slåtten inn i eit skogholt der han "under sterk motstand holdt henne fast, slo henne i ansiktet/hodet eller dunket hodet hennes i bakken, trakk ned brystholderen og kysset og/eller befølte brystene hennes og forsøkte å dra av henne buksene."
Strafferamme på 20 år
Sunnfjordingen kan risikere å bli dømd til 20 års fengsel. Forsvarar Ivar Blikra krev at mannen blir frifunnen.
Blikra har kravd meir etterforsking i saka. Han er spesielt misnøgd med at politiet ikkje har analysert alle håra som er funne på drapstaden. Dette kravet er avvist av Fjordane tingrett, men er påkjært til Gulating lagmannsrett.
Forsvararen klaga òg på at den tiltalte måtte sitte på glattcelle under rettssaka. Det problemet er no løyst ved at det er innreidd eit anna rom for sunnfjordningen på lensmannskontoret.
Rettssaka mot mannen startar i Fjordane tingrett i Førde måndag 31. januar. Det er sett av to veker til saka.