Drapssikta fengsla i fire veker
Mannen som er sikta for å ha drept ei 51 år gamal kvinne med kniv i Florø fredag, er varetektsfengsla i fire veker. Det har Sogn og Fjordane tingrett bestemt. 27-åringen får også brev- og besøksforbod for heile perioden, stadfestar politiadvokat Eli Valheim ovanfor NRK.