Hedda Karterudseter
Forsvararen til mannen som er sikta for drapet på Hedda Karterudseter nektar å vere med på fleire avhøyr. Forsvarar Herman Hoff seier han nesten ikkje har fått utlevert dokument i saka frå politiet. Hoff har nekta å halde informasjon tilbake frå klienten sin, og trur det kan vere årsaka til at politiet ikkje vil gje han fleire dokument. Han veit heller ikkje kva han skal etterlyse, sidan han ikkje veit kva politiet har.
Politiet har dårleg tid
Politiadvokat Knut Broberg er som vanleg svært tilbakehalden med kommentarane, men seier at politiet har dårleg tid om dei skal rekke å få ein tiltale klar til rettssaka skal ta til 25. april. Forsvarar Herman Hoff seier saka kan bli forseinka om han ikkje får papira han ber om.