Hopp til innhold

Drapsdømd butikktjuv trua politiet med kniv

Konfrontert med butikktjuveri trekte kvinna kjøkkenkniv mot politiet. No er ho dømd til fengsel i 30 dagar.

Fjordane tingrett

FJORDANE TINGRETT: Kvinna vart for fleire år sidan dømd for både drap og alvorleg kroppsskade med kniv. I fjor trekte ho på nytt kniv, denne gong mot politiet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kvinna er tidlegare dømd til sikring for drap og alvorleg kroppsskade med kniv. Sjølv om desse forholda ligg noko tilbake i tid, var det noko Fjordane tingrett såg alvorleg på då saka var nyleg var oppe.

Gøymde seg på badet

Lovbrota kvinna no stod tiltalt for, skjedde alle i løpet av fjoråret. Det starta i februar då ho fekk uniformerte politibetjentar på døra etter eit butikktjuveri tidlegare på dagen.

Politiet tok seg inn i gangen sjølv om ho prøvde å lukke døra. Ein av betjentane tok tak i kvinna, som vrei seg unna og plukka fram kniven, ein kjøkkenkniv med eit 20 centimeter langt blad.

Eine betjenten gøymde seg på badet og plukka fram peparspray, medan kvinna gav betjentane grei beskjed om å komme eg ut av bustaden.

Ho la så frå seg kniven før ho vart lagt i handjarn.

«Har trekt kniv mot politiet»

Nokre dagar seinare var kvinna igjen aggressiv, denne gang ovanfor tilsette ved ein butikk.

Kvinna var meldt til politiet for tjuveri, men hevda at dei tilsette heller kunne konfrontert henne med tjuveriet.

I denne samband åtvara ho betjeninga mot at ho tidlegare har trekt kniv mot politiet og at ho kunne gjere dette igjen.

Særskilt behov for vern

Siste tiltalepunktet var tjuveri av to armband og øyredobbar til 570 kroner frå ein butikk.

I tillegg til drapssaka og kroppsskaden med kniv, er kvinna både straffa og bøtelagd fleire gonger for tjuveri og narkotikalovbrot. Ifølgje henne sjølv, har ho sona til saman 16 år i fengsel.

Retten viste til at politiet har ei viktig samfunnsoppgåve, ein utsett arbeidssituasjon og eit særskilt behov for vern.

Lågare straff

Aktor la ned påstand om fengsel i 90 dagar, medan retten meinte 60 dagar var meir passande utgangspunkt.

Med både tilståinga og saka si liggetid hos politiet som formildande, meinte retten at 30 dagar fengsel var ei passande straff.

Kvinna må også sjå politiet ta hand om kniven som ho truga politiet med. Av omsyn til hennar økonomiske situasjon slepp ho derimot å betale sakskostnader.