NRK Meny
Normal

Dramatisk oppgjer på Jotun stadion

Årdal gjekk vidare til 2. runde i NM-cupen i fotball etter ein høgdramatisk kamp mot Stryn på Jotun stadion onsdag kveld. Årdølene snudd 0-3 til siger etter straffekonkurranse.

Fem minuttar før slutt stod det 3-0 til gjestene frå Stryn etter skåringar av Mats Solheim (2) og Ulrik Flo.

Arild Underdal tente håpet hjå heimelaget med skåring i det 85. minutt. To skåringar av Bernard Brons i det 86. og 90. minutt gav ekstraomgangar i Årdal.

Seks minuttar ut i første tilleggsomgang sette Mats Solheim inn sitt tredje mål. Sju minuttar før slutt kvitterer Arild Underdal og det blir straffekonkurranse på Jotun stadion, der vertane avgjer det heile til sin fordel med 8-7 siger.

Vegopning på Bergum i Førde kommune