Nynorsk-stipend til Tryti Vennerød

Dramatikar Maria Tryti Vennerød er tildelt 50.000 kroner i stipend for å fremje nynorsken.

Maria Tryti Vennerød

NYTT PROSJEKT: Maria Tryti Vennerød er tildelt stipend til sitt multimedieprosjekt «Visitt».

Foto: Pressefoto

Tryti Vennerød får stipendet for å skrive teksten til multimedieprosjektet «Visitt» som blir produsert av komponist Julian Skar og koreograf Ingeleiv Berstad

Stipendet blir gitt av Noregs Mållag, men er finansiert etter løyving frå Kulturdepartementet.

– Nynorsken vinn nye rom

– Nynorsk treng å bli brukt, av alle, på alle stader og til alle tider. Nynorsk har vunne rom på stendig fleire område i samfunnet, og støtt har nynorsk vore ein del av avantgarden, heilt frå Vinjes «Dølen» og i dag Maria Tryti Vennererøds «Visitt», sa Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, ved utdelinga av stipendet

Ung, men erfaren dramatikar

Tryti Vennerød (31), som er oppvaksen i Sogndal og Førde, debuterte i 2002 med dramaet «Meir» og har sidan skrive ei rekkje tekstar for teater.

I 2005 fekk ho den høgthengande Ibsenprisen for «Dama i Luka». I 2007 hausta Sogn og Fjordane Teater gode kritikkar for Tryti Vennerød sitt drama «Gokk», der ho skildra utfordringane i utkant-Norge.

Stipend til Side Brok-rappar

Også sunnmøringen Runar Gudnason, kjend frå hip hop-gruppa Side Brok, er tildelt 50 000 kroner i stipend frå Noregs Mållag. Gudnason skal skrive og redigere ein rappelyrikkens poetikk, ein antologi over breidda og mangfaldet i den norske hip-hopkulturen.

Leiaråtferda til viseadministrerande direktør Vidar Vie i Helse Førde kan ha vore til hinder for eit forsvarleg arbeidsmiljø for ein varslar i føretaket. Det gjer at styret må ta grep.
Leiv Thomas Faulkner måtte bli bråvaksen då han som 19-åring fekk beskjeden om at farsarven var brent ned og at alle eigedelane var vekk.