Hopp til innhold

Døydde av skadane etter paraglidarstyrt

Den 34 år gamle mannen som tysdag styrta med paraglidar i Flåmselvi, døydde onsdag kveld på Haukeland.

Paraglidar i Flåmselvi i Sogn
Foto: NRK-tipsar

Det er politiet i Sogn og Fjordane som formidla den triste beskjeden klokka 22.44 onsdag. Haukeland melde alt natt til onsdag at tilstanden til mannen var kritisk.

– Paraglider-piloten som hamna i elva i Flåm i går kveld, døydde i kveld av skadane ved Haukeland sjukehus, fortel politiet.

Det var fleire vitne til hendinga i Flåm, og forbipasserande forsøkte å dra mannen ut av elva, men skjermen hadde hekta seg fast.

– Redningsarbeidet var krevjande. Piloten sat fast i paraglideren, og det var stri straum, fortel brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen.

Mannskap frå dei lokale redningsetatane kom raskt til staden, og fekk mannen på land etter om lag ti minutt.

Då var 34-åringen medvitslaus, og det blei forsøkt hjarte- og lungeredning i om lag ein time. Deretter blei han flydd til Haukeland med helikopter, men livet stod altså ikkje til å redde.