Det er fire år sidan politiet i Oslo som dei første i landet innførte praksisen med at dørvakter på utestader skal godkjennast av politiet. Ordninga inneber at dei som skal jobbe som dørvakt må framvise vandelsattest.
Ikkje praksis
Så langt har ikkje dette vore vanleg praksis i Sogn og Fjordane. No vert altså ei innskjerping vurdert. Tidlegare straffedømde vil då ikkje få lov å arbeide som dørvakt. Politimeister Ese seier dei vil ta stilling til om dette skal bli vanleg praksis her i fylket etter jul.
Nekta i Høyanger
Trass i at ordninga enno ikkje er innført i Sogn og Fjordane vart det sist fredag kjent at lensmann i Høyanger, Olav Hellebø, bad ein arbeidsgjevar i Ytre Sogn seie opp ei av dørvaktene sine. Grunnen var ein tidlegare narkotikadom.
Politimeister Ese vil ikkje kommentere at lensmann Hellebø gjekk til dette skrittet uten at ordinga formelt har tredd i kraft her i fylket. Den tidlegare straffedømde i Ytre Sogn kan få følgje av fleire med prikkar på rullebladet etter nyttår.