NRK Meny
Normal

Dømd til fengsel for narkotikahandel

Ein mann i 40-åra er dømd til 15 dagars fengsel for å ha drive med narkotikahandel, samt nytta seg av narkotika sjølv.

Sunnfjordingen skal i løpet av våren og sommaren i fjor ha skaffa seg eit titals Rivotril-tablettar og amfetamin, samt seld amfetamin til ein annan person.

Han stod også tiltalt for å ha brukt hasj og amfetamin i tillegg til ulovlege tablettar.

I retten gav mannen ei fullstendig tilståing, trass i at skulderkjenninga i tidlegare forklaringar har vore noko meir avgrensa.

Sunnfjordingen er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i 15 dagar. Fullføringa av straffa vert utsett med ei prøvetid på to år. Mannen må i tillegg betale ei bot på 5000 kroner.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.