Det var på kvelden 16. mai i fjor at ulukka skjedde ved Eldrevatnet på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. To kvinner i 20-åra vart hardt skadde i ulukka.
Føraren av den møtande bilen vart send til sjukehus med brotskadar i begge anklane, hjerneristning og sårskade. Passasjeren fekk ifølgje tiltalen mellom anna brotskadar i arm og fot, samt forstuing av handledd og kvesta brystkasse.
Påtalemakta meiner kvinna låg for tett til campingvogna til å ha sikt over møtande trafikk. Likevel vart forbikøyringa gjennomført.
- LES OGSÅ:
Sa seg ikkje skuldig
Ikkje lenge etter ulukka tok kvinna førarprøven og fekk førarkort. Like etter blei det beslaglagt av politiet. Dette fekk ho tilbake i haust.
Det blei ikkje teke ut tiltale mot ektemannen som var den ansvarlege i bilen. Politiet meinte han gjorde det han kunne for å forhindre forbikøyringa. I retten forklarte han at han hadde sagt noko slikt som at «eg håper du har betre sikt enn meg».
Kvinna som er frå Hordaland, sa seg ikkje skuldig etter tiltalen då ho møtte i retten. Forsvararen meinte ho ikkje kunne straffast fordi ho lærekøyrde.
Må betale 135.000 kroner i erstatning
Men Sogn tingrett meiner at sidan ho berre hadde oppkøyringa att då ulukka skjedde, hadde ho nok teoretisk kunnskap om korleis forbikøyringar skal skje. Ho hadde også gjennomført eit forbikøyringskurs.
«Følgelig må det leggest til grunn at tiltalte var klar over faren ved forbikjøringar og behover for sikt fremover. Hun burde videre forstått at hun selv har hovedansvaret for å sjekke sikten fremover under kjøringen og at dette også gjelder ved forbikjøringer», står det i dommen frå Sogn tingrett.
Retten har dømd kvinna til 60 dagar i fengsel, der 30 dagar er på vilkår. Kvinna mistar førarkortet i to år og må ta full førarprøve om ho vil har sertifikatet tilbake.
Ho er også dømd til å betale erstatning til dei to kvinnene som blei skadde. Den eine kvinna får 75.000 kroner og den andre 60.000. I tillegg må ho betale 5000 kroner i sakskostnader.