Hopp til innhold

Dømd for svelteforing av sauer

Ei kvinne frå Nordfjord er dømd til fengsel på vilkår i to år for brot på dyrevelferdslova.

I april 2014 henta Mattilsynet 25 vaksne sauer og ni nyfødde lam på garden til kvinna. Tanken var at ein skulle ha sauene i forvaring til dei kunne sendast til slakt. Men dyra var i så dårleg forfatning at alle så nær som to vart avliva.

I rapporten til Mattilsynet går det fram at sauene var svært avmagra og så svake «at beina svikta ved lett trykk over ryggen for holdvurdering». Sauene var for svake til å bli klipt før avliving.

Mattilsynet hadde hatt tilsyn på garden i november 2013 og gjorde i januar 2014 vedtak om at kvinna måtte avvikle dyrehaldet innan 31. januar same året.

Kvinna klaga på vedtaket, men nye tilsyn i mars viste at sauene nesten ikkje hadde dagslys, og at dei som vart undersøkte var svært magre.

– Trudde parasittar var årsaka

Kvinna har forklart at ho trudde det var parasittar som var årsaka til at dyra ikkje la på seg, men retten finn det «bevist at det er vedvarende ernæringsmangel som har vært årsaken til avmagringen».

Fjordane tingrett seier at i slike saker bør dei som blir funne skuldige dømmast til fengsel utan vilkår. Men fordi det har teke meir enn to år før saka kom opp for retten enda det med at kvinna vart dømd til to års fengsel på vilkår. Med andre ord slepp ho å sone om ho ikkje gjer seg skuldig i nye lovbrot i ei prøvetid på to år.

Ho blir frådømt retten til å halde eller stelle småfe i fem år rekna frå april 2014.