Hopp til innhold

Skal ha misbrukt stedottera fleire gonger i veka i fleire år

Ein mann frå Sogn og Fjordane er dømd til fem års fengsel for å ha misbrukt stedottera si seksuelt fleire gonger i veka over fleire år.

Gulating lagmannsrett

DØMD: Ein mann i 50-åra skal ha misbrukt dottera fleire gonger i veka gjennom fleire år. I september møtte mannen i Gulating lagmannsrett.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Fleirtalet i lagmannsretten, den eine lagdommaren og dei fire meddommarane, meiner at det ikkje er nokon tvil om at den unge jenta blei seksuelt misbrukt av stefaren frå ho var 12 år til ho flytta heimanfrå for å gå på skule.

I dommen frå Gulating er det omtalt eit omfattande misbruk i form av samleie med stedottera, men også at mannen i 50-åra skal ha hatt såkalla "seksualisert åtferd" mot søskena hennar.

Tvilar ikkje på jenta

– Dette seier noko om legninga hans og merksemda mot barn, skriv fleirtalet i lagmannsretten i dommen.

– Fleirtalet finn ikkje nokon grunn til å tvile på fornærma si forklaring, og det er heller ikkje kome fram noko som skulle gje ho motiv til å forklare seg urett, meiner fleirtalet av dommarane.

Det er andre gong saka har vore handsama i Gulating lagmannsrett. Første gongen valde dei juridiske dommarane å setje retten si avgjerd til side, slik at saka kom opp på nytt.

Skeptisk til forklaringa

Men også denne gongen var retten delt i synet på om jenta hadde fortalt sanninga om stefaren. Mindretalet i retten, dei to andre fagdommarane, meiner at det heftar så mykje tvil ved hennar forklaring at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg bevis for å kunne domfelle stefaren.

Dei stiller seg mellom anna også skeptiske til at politiet til slutt fekk vite om saka fordi jenta blei saman med ein mann som var tilsett i barnevernet. Denne mannen oppmoda ho til å melde stefaren til politiet, og at han kom til å gjere det om ho ikkje gjorde det sjølv.

Må betale erstatning

Lagmannsretten meiner det er skjerpande for dommen at overgrepa skjedde i fornærma sin heim over ein tidsperiode på fire år. Retten meiner at det må leggjast til grunn at overgrepa har skjedd fleire gonger i veka.

Arvid Mellingen

KJEM TIL Å ANKE: Forsvarar Arvid Mellingen.

Foto: Silje Guddal / NRK

I tillegg til overgrepa mot stedottera, finn retten bevis for at han også har lasta ned barneporno. Han er også dømd til å betale 175.000 kroner i erstatning til jenta.

Vil anke til Høgsterett

Forsvararen til mannen, advokat Arvid Mellingen, seier at dei høgst truleg kjem til å anke dommen til Høgsterett.

– Vi må sjå nærmare på kva slag grunnlag vi skal anke på, men det blir iallfall på straffeutmålinga. Vi må og undersøke om det har vore sakshandsamingsfeil. Det er spesielt at vedkomande vart domfelt med dissens, at to lagdommarar meinte det ikkje var tilstrekkeleg bevis.

Men dissensen gir ikkje grunnlag for å anke skuldspørsmålet, seier Mellingen.

– Skuldspørsmålet er i prinsippet avgjort av lagmannsretten, den biten går det ikkje an å anke vidare på, men vi må sjå nærare på kva som kan bli ein ankegrunn.

Han meiner det er ein streng dom, og at den domfelte tek det tungt.

– Det er ei lang straff, og for klienten min er det ein tung beskjed å få når han sjølv meiner han er uskuldig i det han er dømd for.