NRK Meny

Narkotika, våpen, brann + eksplosjon = 1,5 år

Ein mann i 50-åra er i Fjordane Tingrett dømd til fengsel i 1,5 år for ei rekkje lovbrot. I løpet av 2013 og 2014 har mannen vore tungt involvert i narkotikakriminalitet.

Fjordane Tingrett

FJORDANE TINGRETT: Mannen vart dømd for ei rekkje lovbrot, og fekk ei streng straff.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK
Eirik Hildal
Journalist

Artikkelen er flere år gammel.

Han er dømd for å ha erverva og oppbevart 295 gram med amfetamin, omgang med 206 gram hasj, seks tablettar Subutex og 50 tablettar Rivotril. Dommen inkluderer også vidaresal av amfetamin.

I straffeforslaget frå påtalemakta står det at dette kvalifiserer til streng straff.

Vidare er mannen også dømd for heleri. Han tok imot eit våpen til trass for at han skjønte det var stole, og oppbevarte seinare våpenet utan løyve. På eit tidspunkt tok han også med seg våpenet på offentleg stad.

Legemiddel, brann og eksplosjon

Lista over brot på straffelova inkluderer også legemiddellova.

Mannen er dømd for jamleg bruk av narkotika, amfetamin ved fleire høve, men også Rivotril og THC i ein periode.

I tillegg er mannen dømd for å ha oppbevart dynamitt og fenghetter utan løyve, og dermed dømd etter brann- og eksplosjonslova.

Dom utan vilkår, men må ikkje i fengsel

Retten har vurdert at forholda mannen vart dømd for har samanheng med rusmisbruket til mannen.

Mannen har ei rekkje dommar på samvitet. Den kriminelle bakgrunnen og det faktum at mannen utførte nye kriminelle handlingar etter han vart pågripen for nokre av tinga han vart dømd for i denne omgang, gjer at retten er samd med påtalemakta i at heile dommen skal vere utan vilkår.

Mannen tilstod utan atterhald i retten. Han tilstod faktisk meir enn politiet hadde bevis for. Tilståinga og hjelp til å finne narkotika han har oppbevart er formildande, etter retten sitt syn.

Påtalemakta la ned påstand om eitt år og sju månader i fengsel. Mannen vart dømd til 1,5 år, men skal ikkje i fengsel.

Både påtalemakta, forsvararen og retten er samde i at mannen heller skal sendast til rusbehandling, og sone straffa der. Dette var etter mannen sitt ønske.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar