Hopp til innhold

«Eg har bomba klar. Det er ikkje fare for sivile, kun svarte uniformar»

Ein mann i 30-åra er dømd til tvungent psykisk helsevern for å ha truga med å bombe eit lensmannskontor.

Fjordane tingrett 12

BOMBE: Mannen truga med å bombe Sandane lensmannskontor, og då politiet gjekk til aksjon fann dei dynamitt og elektriske tennarar

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var i oktober 2013 mannen truga med å sprenge lensmannskontoret på Sandane. Mannen er ein kjenning av politiet, som tok trugsmålet svært alvorleg og gjekk til væpna aksjon.

På ein nettstad skreiv mannen: «Eg har bomba klar, men det er ikkje fare for sivile. Kun svarte uniformer!!»

Politiet fann også dynamitt heime hjå mannen. I tillegg fann politiet elektriske tennarar, knivar, rifleammunisjon og hagler. Eit vitne i rettssaka opplyste at mannen hadde sagt at han planlagde å drepe nokon.

– Sprenge salutt for Sandane

I dommen skriv retten at for å dømmast etter straffelova sin § 227, som mannen var sikta for, er det ikkje krav om at tiltalte faktisk ville gjennomføre trugsmålet. Likevel legg retten det til grunn at trugselen var alvorleg meint frå tiltalte.

Retten meiner at trugsmålet har skjedd under «særdeles skjerpa omstende», fordi mannen hadde dynamitt og elektriske tennarar.

Retten festa ikkje lit mannen si forklaring. Han hevda nemleg at han hadde skaffa dynamitten for å lage ei smie, ta sitt eige liv, eller sprenge ein salutt for Sandane.

Etter nemnde paragraf må trugselen kunne framskaffe «alvorleg frykt». Det finn retten at både trugselen og oppførselen til mannen gjer. Den dømde skal nemleg ha følgd etter ein politibetent og familien hans.

Mannen er i tillegg dømd for å ha skaffa og oppbevart dynamitt han visste var stolen, oppbevart våpen utan løyve, for å køyre utan førarkort og for bruk av narkotika.

Dømd til tvungent psykisk helsevern

Både aktor og forsvarar meinte i retten at mannen var psykotisk på handlingstidspunktet. Retten er samd i den vurderinga.

Bakgrunnen for det er ein spesialist i psykiatri som har gått gjennom saksdokumenta og hatt samtalar med den tiltalte. I vurderinga frå psykiateren står det mellom anna: «Hans psykiske tilstand kan vere forenlig med ein amfetaminutløyst psykose».

Dei rettspsykiatriske sakkunnige konkluderte også med at mannen var psykotisk, både då han utførte handlingane og då han vart undersøkt.

Det dreiar seg ikkje berre om handlingar som er utløyst av sjølvforskyld rus. For mannen har over tid utvikla ei grunnliding som dei sakkunnige definerer som «Schizofreni-liknande psykotisk liding som skuldast bruk av amfetamin».

Difor kan han ikkje straffast for handlingane han har utført.

Mannen har vore rusmisbrukar over tid, og tidlegare fått behandling for dette. Etter ein gjennomgang av mannen sin rushistorikk meiner retten at mannen ikkje vil klare å halde seg rusfri tilbod om frivillig opphald på rusinstitusjon.

Etter dei sakkunnige sin rapport, og fleire observasjonar seinare finn retten at mannen framleis er psykotisk. Retten dømde mannen til tvungent psykisk helsevern, fordi dei meiner det er naudsynt for å verne samfunnet.

Tiltalte erkjente dei faktiske forholda i tiltalevedtaket. Han erkjende ikkje straffeskuld.