Hopp til innhold

Dømd fire gonger for fyllekøyring

Ein nordfjording i 50-åra er dømd til fengsel etter eit tilfelle av fyllekøyring i september i fjor. Mannen blei observert av eit vitne som kontakta politiet. Då dei kom fram til mannen sin bustad blåste han til 1,92 i promille. Det er fjerde gongen mannen er dømd for det same.