Hopp til innhold

Mann dømd for valdeleg bursdagsfeiring

Kvinna hevda ho var like skuldig som mannen i valden ho vart utsett for. Retten trudde ikkje på forklaringane og dømde ektemannen til fengsel.

Valden utarta seg då ekteparet, som begge er av utanlandsk opphav, feira bursdagen til mannen i juni i år.

Kvinna kjøpte både gåve og blomar, men det som starta som ein hyggeleg kveld gjekk frå verbal krangling til fysisk konfrontasjon. Kvinna fekk både sår og hevelse på nasen. På bakgrunn av kvinna si forklaring den aktuelle natta og seinare avhøyr, meinte politiet at dette skuldast at mannen tok tak i henne og slengde henne mot veggen.

Då saka nyleg var oppe i Fjordane tingrett forklara dei to seg nokolunde likt om det som skjedde. Sjølv hevda mannen, som er i 30-åra, at han ikkje fekk med seg at kvinna var skadd og at ho blødde frå nasen etter at han dytta henne ut frå eit rom.

Kvinna meinte at ho var like skuldig som mannen i det som skjedde. Ho vedgjekk at ho gav mannen skulda for at ho var så langt frå familien i heimlandet, og at ho var irritabel og stygg i ordbruken. Mellom anna kalla ho han for esel og hane, noko som er svært nedsettande i deira kultur.

Som forklaring på skadane hevda ho at ho «mista kontrollen over seg sjølv» og fall mot veggen då ektemannen dytta henne.

Kvinna oppsøkte ein nabo som hjelpte henne med vått handklede for å stogge blødingane. Då ekteparet seinare byrja å krangle att, varsla naboen politiet om husbråk.

Retten delte seg i eit mindre- og eit fleirtal i skuldspørsmålet. Fleirtalet festa ikkje lit til forklaringa til dei to, og viste til kvinna si forklaring same kvelden og seinare i politiavhøyr om at mannen reiv henne opp frå ein stol og kasta henne mot veggen. Dei meinte også at valden ikkje stod i forhold til dei verbale krenkingane kvinna utsette mannen for.

Mindretalet kunne derimot ikkje sjå bort frå at hendinga var slik partane forklara i retten, og meinte difor at mannen måtte frifinnast.

Retten såg formildande på provokasjonen frå kvinna og dømde han til fengsel i 21 dagar. Mannen slepp å sone straffa dersom han ikkje gjer nye lovbrot dei neste to åra. Tre dagar varetekt kjem til frådrag i straffa.